Måndag er det val, og vonleg vil dei aller fleste røysteføre i bygda vår finne vegen til røystelokalet, og på den måten gjere si borgarplikt. Det har vore ein roleg, venskapeleg og lite spanande valkamp i Evje & Hornnes. Det er heller ikkje mogleg å peike på nokre tydelege kampsaker som det har vore stor usemje om i det politiske miljøet. Det var likevel tragisk då den politiske fyrstereisguten i KrF, Morten Haraldstad, i rein panikk – og ungdomeleg dumskap, freista å råke Bygdelista i eit lesarinnlegg i Setesdølen no på fredag. Eit sleivspark – og totalt skivebom. Flaut for dei næraste årørande. Haraldstad skriv at ei røyst til Tverrpolitisk Bygdeliste er ei røyst til Line Vennesland som ordførar. Tull og tøys. Oppspinn. Tverrpolitisk Bygdeliste har aldri diskutert ordførarspørsmålet med nokon som helst. Me tek livet med ro. Me har ei avslappande haldning til heile valsirkuset. Kven som skal verte ordførar i Evje & Hornnes kommue dei neste 4 åra lyt vere opp til veljarane å avgjere no på måndag. Les meir
Epost
Lenkjer
Representanter kommunestyret 2007-2011
1 Odd Helge Liestøl
2 John Olav Uleberg
3 Øystein Moi
4 Solveig K. Kallhovd
1.vara Tony Halsall
2.vara Sissel Marie Seland
3.vara Tim Davis
4.vara Ingrid Eieland Flåt
5.vara Olaf Kjetså
6.vara Målfrid Retterholt
Kontaktinformasjon
Leiar: Odd Helge Liestøl
Tlf: 918 68 502
Kasserar: John Olav Uleberg
Tlf: 416 08 595
Styremedlem: Solveig Kallhovd
Tlf: 959 24 962
Styremedlem: Øystein Moi
Tlf: 982 08 547
Valresultat 2007

Plansmia 2010
Siste frå moisund.com

